På Europeisk barnefysioterapikongress i Zurich; EU-PPT2024
Den første europeiske barnefysioterapikongressen vart avvikla i Utrecht i 2019. Deretter var det ny kongress i Firenze i 2022, eit år forsinka grunna pandemien. Når det no vart invitert til ein tredje barnefysioterapikongress i Zurich, bestemte årsmøtet at faggruppa for barne- og ungdomsfysioterapi for første gong skulle delta ved å sende to representantar til å representere faggruppa. Det var både inspirerande, nyttig og lærerikt!
I Zurich deltok ca 300 på kongressen, frå 22 land. Vi var totalt fire nordmenn som deltok på kongressen, og vi vil alle bidra med å dele litt av det vi sit att med i artiklar i tidsskriftet vårt framover.
Faggruppa for barne- og ungdomsfysioterapi (BUF) er ein del av International Organization for Physical Therapists in Pediatrics (IOPTP), det internasjonale barnefysioterapinettverket, gjennom World Physiotherapy. Det vart i Zurich oppretta ei heilt ny undergruppe til IOPTP, altså eit Europeisk barnefysioterapinettverk. Det vart utpeikt eit styre med sju styremedlemmar frå ulike land. Det vil derfor det neste året bli arbeidd med korleis vi skal samarbeide i dette nettverket. Utgangspunktet er eit ønske om større fagutveksling på barnefysioterapifeltet i Europa.
Fysioterapeut Marte Morken Høyland frå Malvik kommune, Nasjonalt Kompetansemiljø for Helsestasjon og Skolehelsetjeneste (NASKO) og kursleder på skolefysioterapikurset til NFF var invitert som keynote speaker i Zurich, under temaet “new challenges”. Ho presenterte sine erfaringar med arbeid i skolehelsetjenesten, basert på dei nasjonale retningslinjene. Mange av fysioterapeutane som deltok på kongressen arbeider ved institutt og sjukehus, der finansiering av fysioterapi ofte skjer gjennom forsikringsordningar og blir tildelt individuelt per pasient. Fokuset på helsefremmande og forebyggande arbeid i skolen der fysioterapeutar er involverte, er derfor ganske unikt for oss i Norge. Marte fekk mange positive tilbakemeldingar på sitt veldig inspirerande innlegg.
Hovedtematikk for kongressen i Zurich, var “activity and participation, quality of life and new challenges”. Det var fint å oppleve kor mykje vi har til felles som fagpersonar på tvers av landegrenser, til tross for ulik organisering og system. Høgdepunktet på kongressen var å treffe fysioterapeutar frå heile Europa og få innblikk i kva som rører seg på feltet og korleis dei jobber i andre land.
Vi vart ønska velkommen til kongressen med oppfordringa om å inspirere og å bli inspirert og som oppsummering av kongressen, er det er vel nettopp det vi kjenner på. Vi er heldige som har rammer som gjer det muleg å arbeide i tråd med anbefalingar om fokuset på aktivitet og deltaking, livskvalitet og forebyggande og helsefremmande arbeid. Vi er derfor takksame for alle som oppgjennom åra har lagt til rette for dei rammene vi har!
Hvis du har lyst til å lese meir om barnefysioterapi i dei ulike Europeiske landa, oppfordrer vi til å lese EU-PPT2024 Bulletin som vart gitt ut til kongressen.
Vi håper mange norske fysioterapeutar deltar på neste europeiske fysioterapikongress i Stockholm 1.-3. oktober 2026, for dette var både lærerikt og inspirerande å delta på! BUF skal utpeike ein representant til ein vitenskapleg komite for denne kongressen, og forhåpentlegvis vil nordmenn også presentere på kongressen i Stockholm. IOPTP møtast digitalt eller under World Physical Therapy Congress, som neste gong arrangerast i Tokyo 29.-31. mai 2025 World Physiotherapy | Home. Så, det er fleire mulegheiter for internasjonale kongressar også før den europeiske barnefysioterapikongressen i 2026! Om Tokyo kjennast litt langt ut, arrangerast fysioterapikongressen 2025 frå 13.-15. mars på Gardemoen. Sjekk ut programmet- aldri før har det vore så mange aktuelle tema for oss som arbeider med barn og unge! Vi minner om at faggruppa har stipendordning for medlemmane for å kunne delta på kurs og kongressar, i tillegg kan vi søke Fysiofondet om tilskudd til overnatting og reise.
Det er viktig at vi nordmenn også deltar på internasjonale treffpunkt innan barnefysioterapi og er ein viktig del av fagutviklinga!