Utdanning

Kor godt rustar vi fysioterapistudentar til å jobbe med barn?

Faggruppa i barne-og ungdomsfysioterapi arrangerte nyleg eit samarbeidsmøte mellom grunnutdanningane i fysioterapi, for erfaringsutveksling omkring tema barn og unge. Det kom fram at utdanningane har eit livsløpsperspektiv på mange emne og at det er ulikt i kor stor grad det er eit eksplisitt fokus på barn og unge. Alle utdanningane ytra behov for fleire praksisplassar for studentar der dei får erfaring med fysioterapi for barn og unge, ikkje minst handtering av spedbarn. Dei minte om at praksisfeltet er svært viktig for utdanninga av framtidige kolleger!

Publisert Sist oppdatert

Ulikt fokus på barn og unge i utdanningane

Faggruppa i barne- og ungdomsfysioterapi har stadig fått innspel på at det er for lite om tema barn i grunnutdanninga, og at det er ulikt på dei ulike utdanningane. Faggruppa hadde derfor ønske om å kartlegge kva som faktisk blir gjort rundt om, også med tanke på behovet for kurs i regi av NFF. I tillegg har faggruppa hatt ulike treffpunkt med dei som har barneansvar ved dei ulike utdanningane, der det har kome fram ønske og behov for eit slikt møte. Med ei ny grunnutdanning på Elverum, var det særleg hensiktsmessig med eit slikt møte, ettersom dei er i ferd med å bygge opp ein heilt ny studieplan i rekordfart. Alle utdanningane var representerte på det digitale møtet; Bergen, Elverum, Oslo, Tromsø og Trondheim. 

Alle utdanningane tar utgangspunkt i helse i eit livsløpsperspektiv. Barn og unge blir omtalt i mange emne, for eksempel inngår det emne som omhandler bevegelseslære, kropp, bevegelse, funksjon, samhandling, kommunikasjon og relasjon, helsefremmande og forebyggande arbeid, samansatte tilstander, kliniske emne og i praksis.

Samarbeidsmøte grunnutdanninga i fysioterapi

Behov for å øve på handtering av spedbarn

Fleire av utdanningane har eller har hatt barn inne for at studentane kan observere, men med store studentkull er det ikkje muleg å få inn nok barn i små nok grupper tilat studentane kan øve på handtering. Det ville kreve mykje logistikk, samt ville gitt nokre etiske utfordringar. Nokre av utdanningane har vekta dukker som brukast til handtering og øving på kliniske kasuistikkar. 

Observasjonspraksis med utviklingspotensiale?

Fleire av utdanningane har barnehagepraksis av ulik lengde, i form av observasjon ein dag eller to. NTNU har to vekers barnehagepraksis i andre semester. Mulegheiten for at studentar kunne hatt observasjonspraksis ved helsestasjonar og skolar vart også drøfta, slik at studentane kan observere mange barn i ulike aldre på ein dag. Dette kunne vere ein måte å sikre at alle studentane fekk meir kjennskap til barn i alle aldre, ettersom ikkje alle er sikra praksisplass med barn og unge. 

Behov for fleire praksisplassar med barn og unge!

Det kom fram at det er altfor få praksisplasser hos fysioterapeutar for barn og unge, dermed kan studentane risikere å kome ut i arbeidslivet med minimalt kjennskap til barn og unge. Dette er veldig uheldig for fagfeltet og for dei nyutdanna. Mange av dei får jobb i kommunar der dei kan få eit stort ansvar for å kartlegge utviklinga til barn og unge. Så oppfordringa frå alle utdanningane er: still opp som praksisveiledere- det er gull verdt og beste måten å lære opp nye kollegaer på, i tillegg til grunnlaget dei får ved utdanninga!

Vidare samarbeid

Utdanningane vil ha eit nytt samarbeidsmøte hausten 2025. Fagseksjonen og faggruppene i NFF har ein pågåande prosess med revidering av kriteriane for å bli spesialist i barne- og ungdomsfysioterapi. Vi argumenterer også for at barnefysioterapeutar bør få offentleg godkjenning med beskytta tittel som barnefysioterapeut. Basert på innhaldet i grunnutdanningane i dag, er det tydeleg at NFF og faggruppa for barne- og ungdomsfysioterapi har ein viktig rolle for å bidra med etter- og videreutdanningskurs for fysioterapeutar. Om nokon har innspel til prosessen og kursa vi tilbyr, nøl ikkje med å ta kontakt på barneogungdom@fysio.no.

Powered by Labrador CMS